Bentebing's Weblog

helt ukatalogisert

Jeg har blitt tagget av Eva som har funnet ut at jeg bør si noe om mine lesevaner – på nynorsk! Sidan Eva er ei grei jente og ihuga golfspelar, så gjer eg det det, sjølv om eg vil no si at det kostar meg litt å si noko systematisk om lesinga mi. Grunnen er enkel: eg les for tida etter reint lystprinsipp. Snakkar nokon entusiastisk om ei bok, grip eg straks fatt i ho og sjekkar om ho har noko å seie meg. Har ho det legg eg ho i ein av to stablar. Stabel ein: skal lesast straks, kanskje før den eg les no, Stabel to: skal lesast seinare – kanskje når det er ein ferie i sikte. Sidan eg er så heldig å jobbe på bibliotek, tar eg med meg bøker i begge kategoriar og stablar dei, heime – så veit eg kor dei er. Eg er god på fornyingar – vil berre undrestreke det!

Ja, så var det desse taggespørsmåla: Kva for bok les du akkurat no? Eg les Døren av Magda Szabó, ei sterk anbefaling frå andre i personalet. Boka har faktisk vore ei god stund i stabel to, men truslar om at folk spurte etter ho, gjorde at eg starta lesinga og det er ei strålande forteljing om hushjelpa Emerenc, hanhunden Viola og familien ho arbeidar for. Emerenc har ei brokete fortid, ho slepp ingen innanfor døra si (med  unnatak av oberstløyntanten) og ho gjer familien ho arbeidar for heilt avhengig av seg. Frua i huset som er forteljaren blir heilt besatt av nyfikne av kva som er bakom døra, men Emernce latar som ingenting og fortel ho heller dei villaste historier om livet sitt. Eg er no halvvegs i boka og ser fram til resten. Ja, som fleire av dei «tagga» har skrive, så les også eg fleire bøker samstundes. På senga les eg Margaret Atwood si diktsamling Eating fire og når  eg skal ta bussen og må ha ei lett bok les eg Torgny Lindgren: Pölsan – problemet med den er at eg fniser høgt og det høver seg ikke for damer på min alder – særleg på bussen.

Kor likar du best å lese? Oj, vanskeleg! Stolen på arbeidsrommet mitt? Senga? Sofaen i stua? Det blir nok Sofaen i stua – der er eg lengst vekke frå TV-en, tepper og puter nok og nærleik til kaffe, te, vatten og anna ein kan få bruk for. Jau, sofaen!

Kva for bok skulle du ønske kunne blitt filmatisert? Ingen! Eg får ein utmerka film i hovudet kvar gong eg les, dessutan er eg ein visuell pingle. Eg lever meg inn i alle slags filmar, drøymer (dvs har mareritt) om dei om natta, og synest det meste er skummelt når det kjem på film.

Kva er favoritt boka di? Dette er eit umogeleg spørsmål – det er enklare med: nemn nokre store lesaropplevingar: Då kan eg nemne: Don Quiote, Hellemyrsfolket, Uroens bok (sjølv om eg enno ikkje er ferdig med ho), Det suser i sivet ( eg vert framleis heilt mjuk i hjartet når eg tenkjer på Mold og Vann Rotte), av Jon Fosse: Hundemanuskripta særleg Huff og huff, og Nei og nei, Sola klappar meg og diverse bøker av Margaret Atwood…

Er det nokre bøker du ser fram til å lese dei neste månadene? Ja…. Kva for bøker? Ei av svigerdøtrene mine har lånt meg Barnepiken av Kathryn Stockett, (som Knirk har blogga om) den har jo «alle» lese, men eg skal no dilte etter så den skal nok lesast snart. Eg skal lese fleire av Torgny Lindgren m.a. Norrlands akevitt og Per Olof Enqvist står på programmet. Nordhordland Litterære Selskap les islandsk i år og då skal det vel lesast eit par bøker til før vi rundar nytt år og nytt land.

Kva syns du er den finaste forsida på ei bok? Eg trur du er galen! Det er ikkje mogeleg å svare på noko slikt! Det er klart forsider er viktige, men eg synest at heile inntrykket boka gir er vikitgare. Korleis er utstyret? Trykken, papiret – er det illustrasjonar, korleis er pagineringa, tåler boka å bli lesen, frakta rundt og ha mitt favoritt bokmerke mellom sidene utan å få hakk i papiret?

Det tok litt tid å svare på alle desse ransakande spørsmåla, men no er eg i mål og skal feire med å slenge meg på sofaen med ei god bok!

3 kommentarer om “Boktagging

  1. Per Olav Kaldestad sier:

    Heroisk innsats, vil eg òg seia!

    Liker

  2. knirk sier:

    Jeg har lest Døren også! Har blogget om den her:

    http://knirk.wordpress.com/2009/03/06/d%c3%b8ren/

    Det blir spennende hva du synes om Barnepiken.

    Liker

  3. Eva sier:

    Syns du var flink eg. Kjenner meg igjen i stablane 🙂

    Liker

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..