Publisert i bøker

Zara og dei; Misse-konkurransen

Dette er den andre boka om Zara og familien hennar. Den første heite Gorillahjerne til middag (2013) og då kan vi kanskje tenkje oss kva slags familie Zara kjem frå? Familien bur i ein campingvogn og alle har lett for å blø neseblod. Difor er det at Zara ofte har blod på seg. I denne boka er det far til Patricia som har laga til missetevling. Zara veit ikkje kva ei missetevling er, men far til Zara seier det handlar om å bomme. Zara tenkjer på kva ho skal ha på seg, men far hennar seier ho berre kan ta ein fal genser og ei jogge- bukse. Han vil og vere med og legg mange ting i bilen. Når ho kjem til missetevlinga har alle dei andre jentene pynta seg fint og Zara kjenner seg litt utanfor. Far til Patricia har pynta to stolar som skal vere tronar for kongen og dronninga som vinn. Far til Zara kjem inn pynta som ei dronning og set fram fleire bøtter med spesialinnkjøpt elgbæsj. Dette skal dei kaste på kongen, far til Patricia og dronninga, far til Zara. Zara og dei andre jentene kaster på fedrane, men så oppdager far til Patricia at elgbæsjen er sjokolade og då blir det fart på festen.

Dette er eit kjekt møte med Zara og hennar litt merkelege familie. Forfattaren Bjørn Sortland og illustrtøren Elisabeth Moseng lagar eit univers litt på sida av det vi kjenner til. I denne boka grip dei fatt i fenomenet missetevlingar og lagar sin heilt eigen vri på dette. Illustrasjonane er stiliserte og utan så mange detaljar, men  dei formidlar fart og energi slik at eg heiar på Zara og dei og håper på eit snarleg gjensyn.

Forfatter:

I love to read! Reading makes my small world larger, greater and more wonderfull. I live in Nordhordland near Bergen with my husband.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.