Eg har nettopp lese ei bok av Immi Lundin om lesesirklar og boksamtaler. Det var interessant og noko eg vil ta med neste gong eg skal vere med i ein samtale om bøker og lesing. Lundin har seks ulike punkt om gledene ved å lese og snakke om bøker saman med andre. Det er:
1. Gleda ved å bli overraska og korleis kan det skje? Ved lesemåten til dei andre i gruppa, ved å måtte lese bøker som andre har vald ut og som ein eigentleg ikkje hadde lyst til å lese. Å lese bøker andre har vald for deg kan vere svært spanande, for det er berre å medgje at vi vel bøker innafor ei ganske trygg og tradisjonell ramme. Dette har mellom anna Rachel Van Riel skrive innsiktsfullt om i boka Opening the book; finding a good read.
2. Gleda ved å finne noko å ”bita i”. Å finne bøker som krev litt innsats er ei utfordring mange ikkje kan la liggje. Innsatsen kan vere anten å lese noko ein ikkje kunne tenkje seg å lese eller bøker som går for å vere vanskelege å forstå eller begge deler. Å komme til ein lesesirkel med mange uløyste spørsmål og saman prøve å finne ut av desse kan vere særs stimulerande.
3. Gleda ved å bli betre lesarar saman. Er vi ikkje gode lesarar? Jau, mange er gode lesarar, men ved å lese mange ulike tekstar, prøve å forstå meir enn overflata i boka eller teksten, det gjer vi ved å trene. Det er heilt akseptert at vi blir betre til å spele golf om vi trener mykje, men får vi den same aksepten for å seie at lesing krev same grad av trening? Som lesar er eg medskapar, forfattarane skriv si forteljing og som lesar tek eg i bruk dei romma som forfattaren har laga. For å kunne ta i bruk og formulere seg om teksten så er det naudsynt å øve og ein særs god måte å gjere det på er å snakke saman om litteratur.
4. Gleda ved å vere seg sjølv og bli forandra. Den som les har ofte ei sterk trong til å fortelje kva eg, ja, nettopp eg har oppdaga. Og eg vil at dei andre skal vere samde med meg og oppleve det same som eg! Men slik er det ikkje alltid, kanskje ikkje i det heile? Ein lesesirkel vil alltid ha ulike menneske i gruppa og det er kanskje dei samtalane kor vi ikkje er samde, kor det er mange ulike syn som vi hugsar best, som har vore mest lærerike og som gjer at vi går laus på neste bok. Vi lærer av kvarandre, men berre om vi lyttar til kva den einskilde seier og gjev oss tid til å forstå kvar og ein vil fram til.
5. Gleda ved å utvide rolla som lesar. Kvifor ikkje lese høgt for kvarandre? Om teksten du les plutseleg er heilt uforståeleg kan det hjelpe på å lese han høgt. Når du vil framheve eit avsnitt i ei bok kan det vere enklare å lese avsnittet høgt slik at dei andre i gruppa kan hugse tilbake til si eiga lesing og slik hjelpe til med forståinga eller deltakinga i samtalen vidare.
6. Gleda ved å søkje etter samanheng. Nokre lesesirklar fører loggbok over bøker dei har lese og slik får sirkelen si eiga lesehistorie. Andre ser på kvar einskild bok, men brukar bokmeldingar og andre omtalar av bøkene som inngang til å snakke om boka. Nokre bøker har epokar og historiske hendingar som ein del av forteljarveven og vi får lyst til å finne ut meir om tida boka vart skriven i.
Alle desse gledene er med på å motivere til lesing, for den som les har truleg ei viss kjennskap til desse. Men korleis startar vi med ein meir inngåande lesing av bøker, korleis øver vi oss? Lundin har fem nøklar som ho omtalar:
Nøkkel 1: Kva handlar boka om? Når nokon kjem med dette spørsmålet er det lett å gje eit kortare eller lengre referat av innhaldet, men dette fortel ikkje alltid kva boka handlar om. Alle som har lese boka kjenner til innhaldet, men ikkje alle legg like mykje vekt på dei ulike episodane eller blir oppteken av ulike personar. Denne inngangen til ei bok er i alle fall ein grei måte å starte ein samtale på.
Nøkkel 2: Kvar bok må lesast ut i frå seg sjølv. Kvar bok krev si eiga måte å bli lesen på. Dette kan vere avhengig av sjangeren eller den leikar seg med ein sjanger som lesaren må ta omsyn til. Nokre bøker gjev deg forklaringa i det første kapittelet medan andre krev at du les og leitar.
Nøkkel 3: Sjangeren skaper forventingar: Når vi les ein krim les vi boka på ein måte, leitar kanskje etter spor og ledetrådar for å finne ut kven som er skurken. Men når vi leser ein roman er det ikkje ein oppskrift på korleis ein roman skal vere. Ei oppgåve lesarane kan ta for seg kan vere å finne ut av kva slags roman denne særskilte boka er.
Nøkkel 4: Kven er hovudperson, kven er forteljaren og kven ser? I nokre bøker er det ganske opplagt kven som er hovudpersonen eller forteljaren eller kven vi ser, observerar forteljinga igjennom. Men mange romanar har fleire moglege hovudpersonar og det ikkje opplagt at alle er samde om kven som er den eigentlege hovudpersonen. Forteljarstemma setter stemninga i boka og er den som bestemmer fart og intensitet i forteljinga. Dersom ein likar forteljaren og trur på han er det utruleg kor mange krumspring forteljinga kan gjere og likevel få lesaren med seg. Eit viktig spørsmål å stille seg er om vi trur på forteljaren, fortel han ei sann historie eller er det berre lureri? Forteljaren sin ståstad er og ein interessant veg inn i boka. Frå kven sitt perspektiv ser vi denne forteljinga? Det er kan vere ulikt syn her og.
Nøkkel 5: Tida for handlinga og tida for forteljinga. Tida for handlinga i boka og tida for når forteljinga blir fortald er på same måte som forteljaren sitt perspektiv eit spannande grep for å gå inn i forteljinga. Tidsperspektivet i forteljinga treng ikkje følgje den ytre ramma, men ha sitt eige løp og på den måten ha ein større tidsramme til og med eit heilt liv.
Desse punkta er henta frå boka: Lundin, Immi og Kerstin Aronsson: Bokläsarnas kunnskapskälla. För läsecirklar och andra litteraturälskare om boksamtal, förlagsverksamhet och bokbransch. Kabusa Böcker, 2003.
Det som no står att er å praktisere! Eg som og er Ønskebok lesar får øve meg både i å lese med full konsentrasjon og skrive om mi oppleving av å lese nett denne boka. Det er utfordrande og spannande, kan anbefalast!